Följ oss på:

Guds spår

Adventstid har sine kjennemerke både i heimar, kyrkjer, bygater og forretnings-strøk. Lys og lyd, stemning og ståk konkurrerer med det kyrkjelege innhaldet i advent – at adventstida introduserer inkarnasjonen:

Folkefrelsar til oss kom / fødd av møy i armodsdom! / Heile verdi undrast på / kvi du soleis koma må. (…) Utan synd han boren er / som all synd for verdi ber. / Han er både Gud og mann, / alle folk Han frelsa kan.

Her vert sentrale trussanningar både om Maria, Guds mor, og om Kristus, Guds Son, sette i aktivitet. Kan ei evig jomfru vere mor? Kan eit menneske føde Gud? Kan ein person vere både Gud og menneske? Kan nokon bere andre si synd? Osb.

Men gjennom historia i tusenvis av år har Gud etterlate seg adventsspor. Profetar sette merke og minnesteinar i menneskehistoria. 700 år gjekk før profeten Jesajas ord om jomfrufødselen hende. Gamle sanningar var det også at han som kom, skulle bli forrådd for 30 sølvpengar, torturert og piska og krossfest til døde og lagd i ein rik manns grav. Profeten Mika hadde utropt Betlehem til hovudarena og Sakarja at han skulle kome ridane på eit esel.

Når det hende, skjønte folket i i byen samanhengen og starta spontant på Salme 118: “Velsigna vere Han som kjem i Herrens namn.” Slik dei kristne har halde fram med sidan. Folket hugsa at slik hadde kong Salomo ridd inn i Jerusalem til si kongekruning med øvstepresten Sadok på eine sida og profeten Natan på andre. Den historiske trio av konge, prest og profet var no med Jesus samla i ein person. Ei ny epoke i verdshistoria var varsla. Ein som oppfyller åleine heile den gamle pakta.

Og slik har det vore heile tida etter. Sjølv idag går desse orda i oppfylling. Adventstid fylgjer med oss. Heile tida mellom Jesu himmelfart og Hans gjenkomst er ei slik tid. Lovnadar vert oppfylte. Der menneske gjer som i Nasaret, går i templet/synagogen/kyrkja på kviledagen, høyrer Guds tale og held Guds ord heilagt. Der skjer det. Herren er både usynleg og synleg imellom oss. Difor held vi også lampen ved tabernaklet tent kvar dag og kvar natt.

Guds spor idag er at åndeleg fattige, blinde og trælar skal høyre adventsbodskapen. Gjeldsslavar får betalingshjelp. Blinde får optikar-assistanse. Dei som ikkje finn Gud, får vegleiarar. Dei som ikkje ser Jesus, skal Han sjølv kome til. Syndeslavar og gjeldsslavar på livsens marknad vert gjeldfrie. Når dei tek imot Han som kjem.

Difor er advent ikkje nedteljing til jul, men til den himmelske Messias si gjesting på jorda. Følg spora.

Fr Ottar Mikael

Önskar du att fler får läsa detta?

Facebooktwittergoogle_pluslinkedinmail