Följ oss på:

Himlen er open og Guds englar stig ned

29. september feirar vi erkeengelen Mikael. Englane er sentrale i den bibelske skildringa av livet nær Gud. Dei har mange namn: Erkeenglar, himmelske hærskarer, livsvesen, makter og mynde, kjerubar, serafar, verneenglar. Dei har større kunnskap, reinare intelligens og klårare innsyn i Guds løynde planar og dei har større makt enn vi menneske. Difor skal vi vise dei respekt og ære utan å gjere dei til gud.

Kristus avvæpnar sine motstandarar og stiller dei fram til spott og spe når han triumferar over dei på krossen (Kol 2.14). Og den triumfen skal verte allment kjend når Menneskesonen kjem i all sin herlegdom med alle englane sine og straffar dei vonde.

Her høyrer altså Jesu englar med. Dei er Guds makter innsette for at dei skal tene dei truande. Når vi vert prøvde og freista av den vonde, er englane våre allierte. Vi står i fare og vi går i fare allstad. Men vi er på Hans side som er sterkare enn all mørkers makt. Berre vi veit om det og nyttiggjer oss deira hjelp, er vi sigerherrar. I fåre, i freisting, imøte med synd og angst og død.

Heilt frå vi vert Guds born har vi desse medhjelparane med oss. Ikkje berre satelittar, men ein engel følgjer oss kvar vi går og kvar vi står.

Dette skal vi fyrst og mest takke Gud for. Han arbeider for oss i løynd. Englane Hans er for oss og med oss og fører vår sak. Ingen er så trygg i fare.

Vi kan vinne over freistingar og anfektingar, uro og åndelege plager som vert sendt imot oss for å rykke oss ut av barnekåret si trygge kvile hjå Gud. I himmelen snakkar dei om ‘han som førte klagemål mot brørne våre’ skriv apostelen (Apok 12:10). Dei snakkar om oss som brør og systre. For Kyrkja er éi i himmelen og på jorda, triumferande og kjempande. Slik dei deltek i kampen vår, får vi delta i sigeren deira. Medan vi er midt i krigen mot den vonde, får vi synge ‘seier’n er vår’. Lovsongen deira er vevd inn i liturgien vår.

Fr Ottar Mikael

Önskar du att fler får läsa detta?

Facebooktwittergoogle_pluslinkedinmail